Kva er det med hunder og språket deira? Eg har frå tidas morgon trudd at hunder sei Voff Voff. Rema liksom – enkelt og greit. Akkurat slik vi lærte det i sangen “Jeg vil ha en liten hund” då oss var spede spirene. Men så har det dukka opp variasjonar etter kvart som eg har vakse opp og funne ut at verda er større enn den øya eg bur på. Somme stadar sei hundene Vaff Vaff. Den kan eg alltids godta. Bytta berre o’en med a’en. Men etter dette så tar det heilt av.
Plutselig skal alle andre bokstaver også vere med på leiken: Vroff Vroff, Vraff Vraff, Wroff Wroff, Wraff Wraff, Boff Boff. Ja til og med i ei reklame for ei og anna butikkkjede er det ein hund som sei Biff Biff. Eg forstår at eit slikt fenomen kan forklarast med at hunder òg har dialekter. Men det er då eg spør: Kvifor sei katten kun mjau?
Det er vel ikkje heilt riktig å påstå at katten kun sei Mjau. I nokre tilfelle når han kosar seg så sei han Purr Purr, men eg er sikker på at hundene har ti forskjellege måtar å purre på. Nei, her i frå og ut innfører eg at universalspråket for hunden skal vere seg Voff Voff. På denne måten slipper vi slike unødvendige forvirringar som eg har slite med dei siste dagene.
Ein ting som denne saka har fått meg til å lure på er korleis dyr, og då spesielt hunder og katter, høyrer oss mennesker? Eg har kome fram til at Bla Bla Bla kan vere eit nærliggande svar, men ønskjer gjerne innspel på andre moglege alternativ.
2. februar 2008 at 17:24
hmm katten min høyre ikkje noko av det eg seie…så eg har ikkje noko innspel å kome med, beklager…
Men hmm “purr purr” – seie egentlig katten det? Eg trur faktisk heller det er “prr” eller noko sånn
Er ikkje “Purr” den typiske due lyden?
9. februar 2008 at 01:44
Nei, eg er fast bestemt på at eg trur det er ganske sikkert at det moglegens er kattane som sei “purr” og duene som sei “prr”…mhm…Det er eg!!
14. oktober 2008 at 06:57
Ja nermer seg 1 års markering for siste oppdatering her no
21. januar 2009 at 00:28
Nei du, no må du ta å oppdatere litt her mann:)
Kordan ellers skal eg halde meg oppdatert på Ålesund livet?
8. februar 2009 at 13:39
hehe.. de vise sej at ej ikkje e så flinke til ditte blog greierne som ej hadde håpt ej skulle vere.. Liksom, You Win Some – Lose Some :p