NådePhew…opninga eg hadde i går kveld gjekk bra – trass i at teknikken svikta. Eg starta med å snakke om kor lett det er å sjå seg blind på alt det verdslege som tek fokuset vårt vekk frå Gud.

“men uroa for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kjem inn og kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.”
Markus 4, 19

Eg nevnte så at det er alt vi uroar oss over i kvardagen som gjer at oss sporar av, og prøver å fylle tomrommet med ting som ikkje er godt for oss. Det var omlag på dette punktet filmen skulle ha kome. Men filformatet var feil, og publikum som no var meint å skulle sjå eit nydelig dramastykke til lyden av Everything frå gruppa Lifehouse vart heller reint uroa då det kun kom lyd frå talartutane – storskjermen var svart.

Gaaaaah, og her hadde eg nettopp sagt at ein ikkje skulle uroa seg(!) Underteikna visste at gode råd var billegare enn han trudde og bad teknikarane skru opp lyden. Eg var nøydd å dramatisere stykket sjølv.

I staden for den følsame stemninga blant publikum som eg alltid opplever når eg ser filmen slik han er meint å sjåast, vart stemninga meir lystig og munter då eg måtte ta rolla til sju skodespelarar. Det var ikkje lenger den tradisjonelle opninga, men kanskje litt meir på linje med ein icebreaker. Men eg sensa at publikum var med, og det var bra. Trass i uvereinsamande software og bildekodexer fekk eg ut eit og anna bodskap i det heile – som seinare skulle vise seg å vere til meg. Eg gjekk inn for landing og avslutta med dette bibelverset.

“Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.”
1. Peter 5, 7

Og sanneleg sei eg; Gud hadde omsorg for meg denne kvelden òg. Det var mange som kom bort til meg i kafèen etter møtet og sa dei likte det dei såg. Eg vart litt høg på pæra til å byrje med, men eg stålbandt meg og prøvde å jekke meg ned.

Det var då det slo meg at opninga kanskje ikkje var til nokon av dei i salen. Kanskje det var direkte til meg Gud tala denne kvelden. Eg har både vore uroa og tvilande den siste tida – men det ser ut til at det ikkje skulle vere nødvending. Nice..!!