RotJa, no når Wii har kome i hus så er det på tide at eg tek eit oppgjer med alt rotet som ligg rundt om kring. Derfor har eg dei siste timane drive å rydda litt. Det er ikkje reint få nostalgiske moment som gjer seg til kjenne under eit slikt påfunn – alt for mange til å dele kvar og ein av dei her. Men nokre kan eg jo ta.

Nostalgisk Augneblink #1 – Mine 1o første DVD’ar

Eg har ein del DVD’ar. Meir enn kva som sunt er. Det er for seint å gjere noko med det no bortsett frå å gå attende til då det heile starta. The Matrix gjekk på kino omkring den tida eg følte at det var dags for meg å gå til innkjøp av ein DVD-spelar. Eg kika på mange modellar, sjekka prisar og nølte langt om lenge og lenger enn langt før valet fall på ein Sony DVP-S325 til kr. 4.ooo,- ++ Den første filmen eg skulle kjøpe hadde skulle vere The Matrix. Slik gjekk det derimot ikkje. Fire filmar vart kjøpt før den tid, og her er den komplette lista:
  1. Blade
  2. Blade Runner
  3. Siste Spill
  4. Johnny Mnemonic
  5. The Matrix
  6. Studio 54
  7. L.A. Confidential
  8. Blue Streak
  9. You’ve Got Mail
  10. The X-files – The Movie

Nostalgisk Augneblink #2 – Bibelvers å lære utanatt

For ei tid attende så var eg med i ei cellegruppe der vi bestemte oss for å lære eit nytt bibelvers for kvar samling oss hadde. Riktignok så vart det kun med dette eine bibelverset, og eg har på mystisk vis aldri memorisert det utanatt. Men minnet om korleis vi skulle greie å lære det utan å snik kike i Boka vert ståande for all tid. Berre sjå for deg 5-6 ungdommar sitje i stua til ho mor medan dei prøvar å lage røyrsler til kvart einaste ord for å gjere det lettare å hugse. Ordet tveegga vart til dømes; venstre hand utstrakt med handflata ned, så snu slik at handflata no er opp. Dette symboliserte tve (dobbel, som består av to). Deretter samla ein alle fingrane på høgrehanda som eit egg, og kakka denne mot den venstre handflata.

“For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.”
Hebr 4, 12

Nostalgisk Augneblink #3 – Studietida ved Høgskolen i Ålesund

Gjett om oss somla vekk mykje tid her. Altså missforstå meg korrekt. Det var ei meget lærerik tid, men vi brukte mykje tid på skulen uten å eigentleg lære noko, eller gjere noko viktig – utanom dei obligatoriske timane sjølvsagt. Under denne dødtida var vi hovudsakleg lokalisert på eit grupperom oppe i fjerde etasje. Der gjorde vi unyttige ting som å spel, surfe på nettet og høyre på Skansen Radio. Vi hadde til og med vår eigen signatur på alle ønska vi fekk opplest på direkten: Gutta i fjerde

Minnetriggaren for dette siste nostalgiske moment var eit brukarnavn og passord til FTP-servaren for ei internettside vi skulle lage. Viss du ønskjer å nytta deg av denne autoriseringsidentifikatoren, så let eg han gå i arv her.

Brukarnavn: D8
Passord: d8fgv3