LaurdagJaaaah..!! Endeleg laurdag. Veka sitt store høgdepunkt. Den store festdagen. Laurdagen er den einaste dagen i veka då ein kan søve lenge om morgonen og leggje seg seint om kvelden med godt samvete. Det er liksom ingenting å uroa seg over på laurdagen. Kanskje ein litt naiv tanke det der, men så er jo eg naiviteten sjølv då. :p Eg må innrømme at eg er litt spent i dag – men ikkje uroa. Det har seg nemleg slik at ein kompis har spurd meg om eg vil opne på Misjonssalen i kveld. Altså, å dele nokre Guds ord i starten av møtet. Fint om nokon kunne bedt for meg, slik at eg konsentrerar meg om kva Gud ønskjer å seie gjennom meg i kveld.