Hvis du trur eg brukar tittelen på den nyaste dokumentaren til Michael Moore som overskrift på dette innlegget kun for å trekkje til meg lesarar, så har du kanskje rett i det. Men akkurat denne oversktifta skildrar òg min fysikske kondisjon dei siste tre dagane.
I bakgrunn av den situasjon eg har vore inne i, så har eg følgjande hatt mykje tid på hendene. Nei altså, eg har ikkje gått mykje rundt på hendene altså, skjerp deg..!! Eg har nytta tida framføre PCen. Og eg må verkeleg få seie at det finst mange sicko’s der ute :p Men så plutseleg, mellom alle sjukingane, så har eg kome over eit lyspunkt på YouTube der handlinga utspelar seg rundt ei historie som ville ha vore Shakespeare verdig. Det handler om nederlag, mot, forboden kjærleik, styrke og kampvilje. (Sikkert andre ting òg, men eg er ikkje så god til å bryte Shakespeare ned i enkle små ord.)
Det heile starter med Katie som har brent seg og blitt utnytta ev ein høgst ufin type. Dylan er ein av dei som svarar med ein video og seier at han har vore gjennom noko liknande, før han går rett på sak og spør om ho vil gifte seg med ham. hehe.. Det er vel på dette tidspunktet det byrjar å verte spanande. Det er viktig å vite at Katie er en kjempepoppis nettkjendis som sikkert får tonnevis med henvendingar.
Heilt ut av det blå får Dylan svar attende frå Katie. Ho er faktisk med på spelet. Ikkje det å gifte seg altså, då alle skjønar at det kanskje er litt drastisk så tidleg i forhaldet. Ho set eit krav vel og merke. Dylan må vere 18 år. Gaaaah..!! Sååå kjipt.. Dylan er berre 16. Men dette hindrer han ikkje frå å servere oss ein klassikar av ein video.
Så vart det stille ei stund. Katie svarar ikkje. Dylan ser ikkje anna utveg enn å rådføre seg med andre YouTubarar av den eldre sorten, ja til og med ein sokk. (Smitt og Smule flashback). Han får nokre svar og tips som eg ikkje skal gå nærare inn på, for då vert det heile langdrygt og keisamt. Uvitande for oss alle, så har Katie fulgt med på det heile. Ho lastar opp ein video som ein slags konklusjon. (Legg merke til kommentarfeltet hennar. Der har ho har teke med dei filmane eg har valgt å sjå vekk i frå.)
Er det ikkje nydelig korleis det spørsmålsteiknet dukkar opp på slutten…
?