BussDu har sikkert høyrd og sett denne gåta på eit og anna stadium av ditt liv: Kva for ein veg køyrer bussen? Eg, for min del, høyrde den fyste gong på barneskulen. Det måtte monge hint til, og hugsar eg rett så var det heller ikkje eg som løyste ho.

No mange år seinare så dukka ho opp igjen. Og eg, dum som eg er, skjøna ingen verdas ting. Først hang eg meg opp i at det der aldri kunne vere ein buss. Bussar er firkanta, og absolutt ikkje runde på nokon måte. Eller, med mindre det er snakk om ein veteranbuss då. Men då er eg grådig sikker på at det ville stått noko slikt i teksten: Kva for ein veg køyrer veteranbussen?

Alt for få vindauge var der også. Nei, eg endte opp med å tru det var forfattaren som tulla. At han hadde laga gåta kun for å plage dei som las ho. For at dei skulle setje seg ned å prøve å løyse ei gåte det ikkje var noko svar på. Eg må sei eg vart litt skuffa over meg sjølv då eg las kommentarane til innlegget. Der var det faktisk mange gode løysingsforslag å finne.

“Står den ikke stille da?”Verene
“Det der er ingen buss. Det er en campingvogn, ser du vel.” -  Iskwew

Ein kan, utan å gjere skam på seg sjølv, seie seg einige i overståande utsagn. men det er allikavel ikkje nokon av dei som er løysinga på gåta. Sitatet under er etter mi meining fasiten.

“Egentlig kjører vel busser framover og ikke mot høyre eller venstre.” - Rutha

Men kva eg meiner kan vel vere det same i denne saka, for her er den eigentlege løysinga:

“Den kjører mot venstre. Hvorfor? Er det noen som ser en dør? Norske busser har døra på høyre side. Den siden vi ser har kun vinduer.” - Roger Hardy

Det måtte ein Hardygutt til ja. Visste du forresten at det er skrive 190 bøker om Hardyguttene? Og i tillegg fins det ein heil haug med spin-offs. Ein skal liksom melke til det ikkje er meir melk att. Og når det ikkje er meir melk att så tek ein like gjerne å slikke innsida av glaset for å vere heilt sikker.

No har eg stjåle litt frå andre, så det er kanskje best eg avsluttar med noko orginalt – nesten i alle fall. Ein av dei desidert beste TV-seriarane eg følgjer med på er Scrubs. Her får ein servert livets oppturar og nedturar blanda med ein god dose humor og mange undervurderte replikkar.

Serien sin hovudperson, JD, og vaktmeistaren er ikkje akkurat perlevenar. I ein episode kjem vaktmeistaren og Troy (kantinemannen) for å plage vår alles kjære JD. For å sleppe unna parerer JD med ei nydeleg gåte som distraherer bøllefrøa resten av episoden.

“What two coins, when you put them together, makes 30 cents. And one of them isn’t a nickle?”

Ein må kunne litt amerikansk myntologi for å skjøne denne, men uansett - her er svaret:

“A quarter and a nickle.” - JD
“No, because you said that one of then isn’t a nickle!” – Vaktmeistaren
“Right! The other one is.” – JD

Det som fikk meg til å rulle på gulvet og flire av meg rumpa (roflmao) var då vaktmeistaren og Troy på slutten av episoden heilt openlyst hadde øydelagd sykkelen til JD. Vaktmeistaren kjem så med denne gåta:

“Two guys destroyed your bike with a crowbar and a bat. One of them wasn’t me.”