Eg trudde eg hadde gått klar, men neida. Influensaen kom den. Og ikkje så reint lite heller. Nasen renn og det er ikkje berre haudet som verkar, men også alle ledda i kroppen. Og trur du ikkje at eg stakk på jobb i dag allikavel? Skulla eg aldri ha gjort. Greie ikkje å la vere heller, får så dårleg samvit om eg må vere heime ein dag=/ Vel, eg måtte uansett reise heim i to-tida, då greidde eg ikkje meir.
Her heime var eg så slapp og sløv at eg ikkje har følt for anna enn å halde senga (les: sofaen). Nei, eg ligg ikkje å held den fast slik at ingen skal stikke av med han. Eg berre ligg i her liksom. Og kvar gong eg må ut og gå litt, så snurrar alt rundt…hehe, det er litt gøy da;)
Så no ligg eg her no då, og underheld meg sjølv medan eg surfar litt på nettet og ser på TV. Av alt ein høyrer om ungdommen no til dags skulle ein tru at dette er livet; TV og data døgnet rundt. Men nei, det er ikkje livet. Eg held på å gå på veggane her eg ligg. Ikkje bokstavleg tala altså, for eg ligg no berre her og knaskar C-max.. mmmmh.. kven hadde trudd at vitaminar skulle vere så gode;) Ellers så lessar eg inn på med Sambucus og Möller’s Dobbel. Så lenge eg trur det hjelper, så vert eg nok straks frisk skal du sjå.
24. januar 2008 at 15:24
Eg har høyrt at stress spela ei vesentlig rolle når det gjeld å svekke kroppens immunforsvar… Sånn går det når du trur du er best i ligretto….Hehe, nei off eg skal slutte!
Håpa du snart blir frisk igjen da:) God bedring!
25. januar 2008 at 10:29
Eg er ikkje så flink med slike stresskader og slikt, så eg trur eg berre lyt tre fram med varsomheit i framtida;) Takk for at du bryr deg..