Nintendo WiiNo kjem han endeleg. Eg har eigentleg ikkje venta lenge, men det føles nesten slik allikavel. Bestilte han på nettet i går, så sendte dei han i dag – og no kriblar det av ekstase i heile meg. Ventetida er trasig altså. Tenk om eg hadde kjøpt han i ein butikk; då kunne eg berre teke han under arma og gått heim og plugga han til med ein gong. Då kunne eg ha invitert alle venane mine på spelkveld og mora oss til langt på natt.

Hmmm, eg kunna kanskje ikkje invitert alle venane mine når eg tenkjer meg om. Sida ein berre kan spele fire (4) om gongen liksom. Det er så kjipt å utelukke nokon, så det spørs kanskje om eg måtta ha gjort klar nokre brettspel eller kortspel i tillegg slik at ingen kjeda seg. Ja, det ser slik ut. Eg vil ikkje høyre noko av at det er døllt hjå GulBil! Det er mogeleg at det krevst litt meir planlegging her altså, men uansett, han har ikkje kome enno.

No sit eg og trykk på denne lenka annankvar time for å sjå om pakken nærmar seg. Men det går heller litt treigt føler eg.