HunderKva er det med hunder og språket deira? Eg har frå tidas morgon trudd at hunder sei Voff Voff. Rema liksom - enkelt og greit. Akkurat slik vi lærte det i sangen “Jeg vil ha en liten hund” då oss var spede spirene. Men så har det dukka opp variasjonar etter kvart som eg har vakse opp og funne ut at verda er større enn den øya eg bur på. Somme stadar sei hundene Vaff Vaff. Den kan eg alltids godta. Bytta berre o’en med a’en.  Men etter dette så tar det heilt av.

Plutselig skal alle andre bokstaver også vere med på leiken: Vroff Vroff, Vraff Vraff, Wroff Wroff, Wraff Wraff, Boff Boff. Ja til og med i ei reklame for ei og anna butikkkjede er det ein hund som sei Biff Biff. Eg forstår at eit slikt fenomen kan forklarast med at hunder òg har dialekter. Men det er då eg spør: Kvifor sei katten kun mjau?

Det er vel ikkje heilt riktig å påstå at katten kun sei Mjau. I nokre tilfelle når han kosar seg så sei han Purr Purr, men eg er sikker på at hundene har ti forskjellege måtar å purre på. Nei, her i frå og ut innfører eg at universalspråket for hunden skal vere seg Voff Voff. På denne måten slipper vi slike unødvendige forvirringar som eg har slite med dei siste dagene.

Ein ting som denne saka har fått meg til å lure på er korleis dyr, og då spesielt hunder og katter, høyrer oss mennesker? Eg har kome fram til at Bla Bla Bla kan vere eit nærliggande svar, men ønskjer gjerne innspel på andre moglege alternativ.

HunderSå har det skjedd allereie. Fleire dagar uten at eg gir lyd frå meg. Nedtur altså, men eg har mange godbitar på lur. Blant anna noko som eg vurderer å leggje ut alt i kveld. Tema: Snakkande hunder.

NådePhew…opninga eg hadde i går kveld gjekk bra - trass i at teknikken svikta. Eg starta med å snakke om kor lett det er å sjå seg blind på alt det verdslege som tek fokuset vårt vekk frå Gud.

“men uroa for dette livet og den svikefulle rikdomen og lysta på alle andre ting kjem inn og kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.”
Markus 4, 19

Eg nevnte så at det er alt vi uroar oss over i kvardagen som gjer at oss sporar av, og prøver å fylle tomrommet med ting som ikkje er godt for oss. Det var omlag på dette punktet filmen skulle ha kome. Men filformatet var feil, og publikum som no var meint å skulle sjå eit nydelig dramastykke til lyden av Everything frå gruppa Lifehouse vart heller reint uroa då det kun kom lyd frå talartutane - storskjermen var svart.

Gaaaaah, og her hadde eg nettopp sagt at ein ikkje skulle uroa seg(!) Underteikna visste at gode råd var billegare enn han trudde og bad teknikarane skru opp lyden. Eg var nøydd å dramatisere stykket sjølv.

I staden for den følsame stemninga blant publikum som eg alltid opplever når eg ser filmen slik han er meint å sjåast, vart stemninga meir lystig og munter då eg måtte ta rolla til sju skodespelarar. Det var ikkje lenger den tradisjonelle opninga, men kanskje litt meir på linje med ein icebreaker. Men eg sensa at publikum var med, og det var bra. Trass i uvereinsamande software og bildekodexer fekk eg ut eit og anna bodskap i det heile - som seinare skulle vise seg å vere til meg. Eg gjekk inn for landing og avslutta med dette bibelverset.

“Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.”
1. Peter 5, 7

Og sanneleg sei eg; Gud hadde omsorg for meg denne kvelden òg. Det var mange som kom bort til meg i kafèen etter møtet og sa dei likte det dei såg. Eg vart litt høg på pæra til å byrje med, men eg stålbandt meg og prøvde å jekke meg ned.

Det var då det slo meg at opninga kanskje ikkje var til nokon av dei i salen. Kanskje det var direkte til meg Gud tala denne kvelden. Eg har både vore uroa og tvilande den siste tida - men det ser ut til at det ikkje skulle vere nødvending. Nice..!!

RotJa, no når Wii har kome i hus så er det på tide at eg tek eit oppgjer med alt rotet som ligg rundt om kring. Derfor har eg dei siste timane drive å rydda litt. Det er ikkje reint få nostalgiske moment som gjer seg til kjenne under eit slikt påfunn - alt for mange til å dele kvar og ein av dei her. Men nokre kan eg jo ta.

Nostalgisk Augneblink #1 - Mine 1o første DVD’ar

Eg har ein del DVD’ar. Meir enn kva som sunt er. Det er for seint å gjere noko med det no bortsett frå å gå attende til då det heile starta. The Matrix gjekk på kino omkring den tida eg følte at det var dags for meg å gå til innkjøp av ein DVD-spelar. Eg kika på mange modellar, sjekka prisar og nølte langt om lenge og lenger enn langt før valet fall på ein Sony DVP-S325 til kr. 4.ooo,- ++ Den første filmen eg skulle kjøpe hadde skulle vere The Matrix. Slik gjekk det derimot ikkje. Fire filmar vart kjøpt før den tid, og her er den komplette lista:
  1. Blade
  2. Blade Runner
  3. Siste Spill
  4. Johnny Mnemonic
  5. The Matrix
  6. Studio 54
  7. L.A. Confidential
  8. Blue Streak
  9. You’ve Got Mail
  10. The X-files - The Movie

Nostalgisk Augneblink #2 - Bibelvers å lære utanatt

For ei tid attende så var eg med i ei cellegruppe der vi bestemte oss for å lære eit nytt bibelvers for kvar samling oss hadde. Riktignok så vart det kun med dette eine bibelverset, og eg har på mystisk vis aldri memorisert det utanatt. Men minnet om korleis vi skulle greie å lære det utan å snik kike i Boka vert ståande for all tid. Berre sjå for deg 5-6 ungdommar sitje i stua til ho mor medan dei prøvar å lage røyrsler til kvart einaste ord for å gjere det lettare å hugse. Ordet tveegga vart til dømes; venstre hand utstrakt med handflata ned, så snu slik at handflata no er opp. Dette symboliserte tve (dobbel, som består av to). Deretter samla ein alle fingrane på høgrehanda som eit egg, og kakka denne mot den venstre handflata.

“For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.”
Hebr 4, 12

Nostalgisk Augneblink #3 - Studietida ved Høgskolen i Ålesund

Gjett om oss somla vekk mykje tid her. Altså missforstå meg korrekt. Det var ei meget lærerik tid, men vi brukte mykje tid på skulen uten å eigentleg lære noko, eller gjere noko viktig - utanom dei obligatoriske timane sjølvsagt. Under denne dødtida var vi hovudsakleg lokalisert på eit grupperom oppe i fjerde etasje. Der gjorde vi unyttige ting som å spel, surfe på nettet og høyre på Skansen Radio. Vi hadde til og med vår eigen signatur på alle ønska vi fekk opplest på direkten: Gutta i fjerde

Minnetriggaren for dette siste nostalgiske moment var eit brukarnavn og passord til FTP-servaren for ei internettside vi skulle lage. Viss du ønskjer å nytta deg av denne autoriseringsidentifikatoren, så let eg han gå i arv her.

Brukarnavn: D8
Passord: d8fgv3

LaurdagJaaaah..!! Endeleg laurdag. Veka sitt store høgdepunkt. Den store festdagen. Laurdagen er den einaste dagen i veka då ein kan søve lenge om morgonen og leggje seg seint om kvelden med godt samvete. Det er liksom ingenting å uroa seg over på laurdagen. Kanskje ein litt naiv tanke det der, men så er jo eg naiviteten sjølv då. :p Eg må innrømme at eg er litt spent i dag - men ikkje uroa. Det har seg nemleg slik at ein kompis har spurd meg om eg vil opne på Misjonssalen i kveld. Altså, å dele nokre Guds ord i starten av møtet. Fint om nokon kunne bedt for meg, slik at eg konsentrerar meg om kva Gud ønskjer å seie gjennom meg i kveld.

RoseHvis du trur eg brukar tittelen på den nyaste dokumentaren til Michael Moore som overskrift på dette innlegget kun for å trekkje til meg lesarar, så har du kanskje rett i det. Men akkurat denne oversktifta skildrar òg min fysikske kondisjon dei siste tre dagane.

I bakgrunn av den situasjon eg har vore inne i, så har eg følgjande hatt mykje tid på hendene. Nei altså, eg har ikkje gått mykje rundt på hendene altså, skjerp deg..!! Eg har nytta tida framføre PCen. Og eg må verkeleg få seie at det finst mange sicko’s der ute :p Men så plutseleg, mellom alle sjukingane, så har eg kome over eit lyspunkt på YouTube der handlinga utspelar seg rundt ei historie som ville ha vore Shakespeare verdig. Det handler om nederlag, mot, forboden kjærleik, styrke og kampvilje. (Sikkert andre ting òg, men eg er ikkje så god til å bryte Shakespeare ned i enkle små ord.)

Det heile starter med Katie som har brent seg og blitt utnytta ev ein høgst ufin type. Dylan er ein av dei som svarar med ein video og seier at han har vore gjennom noko liknande, før han går rett på sak og spør om ho vil gifte seg med ham. hehe.. Det er vel på dette tidspunktet det byrjar å verte spanande. Det er viktig å vite at Katie er en kjempepoppis nettkjendis som sikkert får tonnevis med henvendingar. ;)

Heilt ut av det blå får Dylan svar attende frå Katie. Ho er faktisk med på spelet. Ikkje det å gifte seg altså, då alle skjønar at det kanskje er litt drastisk så tidleg i forhaldet. Ho set eit krav vel og merke. Dylan vere 18 år. Gaaaah..!! Sååå kjipt.. Dylan er berre 16. Men dette hindrer han ikkje frå å servere oss ein klassikar av ein video.

Så vart det stille ei stund. Katie svarar ikkje. Dylan ser ikkje anna utveg enn å rådføre seg med andre YouTubarar av den eldre sorten, ja til og med ein sokk. (Smitt og Smule flashback). Han får nokre svar og tips som eg ikkje skal gå nærare inn på, for då vert det heile langdrygt og keisamt. Uvitande for oss alle, så har Katie fulgt med på det heile. Ho lastar opp ein video som ein slags konklusjon. (Legg merke til kommentarfeltet hennar. Der har ho har teke med dei filmane eg har valgt å sjå vekk i frå.)

Er det ikkje nydelig korleis det spørsmålsteiknet dukkar opp på slutten…

?

BussDu har sikkert høyrd og sett denne gåta på eit og anna stadium av ditt liv: Kva for ein veg køyrer bussen? Eg, for min del, høyrde den fyste gong på barneskulen. Det måtte monge hint til, og hugsar eg rett så var det heller ikkje eg som løyste ho.

No mange år seinare så dukka ho opp igjen. Og eg, dum som eg er, skjøna ingen verdas ting. Først hang eg meg opp i at det der aldri kunne vere ein buss. Bussar er firkanta, og absolutt ikkje runde på nokon måte. Eller, med mindre det er snakk om ein veteranbuss då. Men då er eg grådig sikker på at det ville stått noko slikt i teksten: Kva for ein veg køyrer veteranbussen?

Alt for få vindauge var der også. Nei, eg endte opp med å tru det var forfattaren som tulla. At han hadde laga gåta kun for å plage dei som las ho. For at dei skulle setje seg ned å prøve å løyse ei gåte det ikkje var noko svar på. Eg må sei eg vart litt skuffa over meg sjølv då eg las kommentarane til innlegget. Der var det faktisk mange gode løysingsforslag å finne.

“Står den ikke stille da?”Verene
“Det der er ingen buss. Det er en campingvogn, ser du vel.” -  Iskwew

Ein kan, utan å gjere skam på seg sjølv, seie seg einige i overståande utsagn. men det er allikavel ikkje nokon av dei som er løysinga på gåta. Sitatet under er etter mi meining fasiten.

“Egentlig kjører vel busser framover og ikke mot høyre eller venstre.” - Rutha

Men kva eg meiner kan vel vere det same i denne saka, for her er den eigentlege løysinga:

“Den kjører mot venstre. Hvorfor? Er det noen som ser en dør? Norske busser har døra på høyre side. Den siden vi ser har kun vinduer.” - Roger Hardy

Det måtte ein Hardygutt til ja. Visste du forresten at det er skrive 190 bøker om Hardyguttene? Og i tillegg fins det ein heil haug med spin-offs. Ein skal liksom melke til det ikkje er meir melk att. Og når det ikkje er meir melk att så tek ein like gjerne å slikke innsida av glaset for å vere heilt sikker.

No har eg stjåle litt frå andre, så det er kanskje best eg avsluttar med noko orginalt - nesten i alle fall. Ein av dei desidert beste TV-seriarane eg følgjer med på er Scrubs. Her får ein servert livets oppturar og nedturar blanda med ein god dose humor og mange undervurderte replikkar.

Serien sin hovudperson, JD, og vaktmeistaren er ikkje akkurat perlevenar. I ein episode kjem vaktmeistaren og Troy (kantinemannen) for å plage vår alles kjære JD. For å sleppe unna parerer JD med ei nydeleg gåte som distraherer bøllefrøa resten av episoden.

“What two coins, when you put them together, makes 30 cents. And one of them isn’t a nickle?”

Ein må kunne litt amerikansk myntologi for å skjøne denne, men uansett - her er svaret:

“A quarter and a nickle.” - JD
“No, because you said that one of then isn’t a nickle!” - Vaktmeistaren
“Right! The other one is.” - JD

Det som fikk meg til å rulle på gulvet og flire av meg rumpa (roflmao) var då vaktmeistaren og Troy på slutten av episoden heilt openlyst hadde øydelagd sykkelen til JD. Vaktmeistaren kjem så med denne gåta:

“Two guys destroyed your bike with a crowbar and a bat. One of them wasn’t me.” 

VirusEg trudde eg hadde gått klar, men neida. Influensaen kom den. Og ikkje så reint lite heller. Nasen renn og det er ikkje berre haudet som verkar, men også alle ledda i kroppen. Og trur du ikkje at eg stakk på jobb i dag allikavel? Skulla eg aldri ha gjort. Greie ikkje å la vere heller, får så dårleg samvit om eg må vere heime ein dag=/ Vel, eg måtte uansett reise heim i to-tida, då greidde eg ikkje meir.

Her heime var eg så slapp og sløv at eg ikkje har følt for anna enn å halde senga (les: sofaen). Nei, eg ligg ikkje å held den fast slik at ingen skal stikke av med han. Eg berre ligg i her liksom. Og kvar gong eg må ut og gå litt, så snurrar alt rundt…hehe, det er litt gøy da ;)

Så no ligg eg her no då, og underheld meg sjølv medan eg surfar litt på nettet og ser på TV. Av alt ein høyrer om ungdommen no til dags skulle ein tru at dette er livet; TV og data døgnet rundt. Men nei, det er ikkje livet. Eg held på å gå på veggane her eg ligg. Ikkje bokstavleg tala altså, for eg ligg no berre her og knaskar C-max.. mmmmh.. kven hadde trudd at vitaminar skulle vere så gode ;) Ellers så lessar eg inn på med Sambucus og Möller’s Dobbel. Så lenge eg trur det hjelper, så vert eg nok straks frisk skal du sjå.

Nintendo WiiNo kjem han endeleg. Eg har eigentleg ikkje venta lenge, men det føles nesten slik allikavel. Bestilte han på nettet i går, så sendte dei han i dag - og no kriblar det av ekstase i heile meg. Ventetida er trasig altså. Tenk om eg hadde kjøpt han i ein butikk; då kunne eg berre teke han under arma og gått heim og plugga han til med ein gong. Då kunne eg ha invitert alle venane mine på spelkveld og mora oss til langt på natt.

Hmmm, eg kunna kanskje ikkje invitert alle venane mine når eg tenkjer meg om. Sida ein berre kan spele fire (4) om gongen liksom. Det er så kjipt å utelukke nokon, så det spørs kanskje om eg måtta ha gjort klar nokre brettspel eller kortspel i tillegg slik at ingen kjeda seg. Ja, det ser slik ut. Eg vil ikkje høyre noko av at det er døllt hjå GulBil! Det er mogeleg at det krevst litt meir planlegging her altså, men uansett, han har ikkje kome enno.

No sit eg og trykk på denne lenka annankvar time for å sjå om pakken nærmar seg. Men det går heller litt treigt føler eg.